Trykk i sanntid 05: KARBONPULS
Kjellaug Hatlen Lunde, Rita Marhaug, Åse Anda, Dominika Kemilä og Lise Anita Stenberg
29. august 2024 — 27. oktober 2024
«Trykk i sanntid» er eit 5-årig prosjekt som tar utgangspunkt i karbon, ur-pigmentet, for teikning, maleri og trykk. Formålet til prosjektet er å gi poetiske uttrykk for karbonets uransakelege vegar ved bruk av grafiske metodar og påfølgjande visningar av resultata. Det andre viktige aspektet ved «Trykk i sanntid» er å skapa nettverk mellom grafikkverkstadene i Noreg som har utvikla seg dei siste tiåra - gjennom bærekraftige metodar.
Sjølve stoffet – grunnstoffet Karbon – C, er ein grunnleggjande faktor i grafikken si materielle historie, der sverte er ein hovudingrediens. Karbon er sentral del både i fotosyntesen, som omdannar Co2 til oksygen så me får pusta, og til andre stoff som gir oss næring. Karbon er ein viktig del av alt cellematerialet i vår eigen kropp, og det aller meste av organisk og uorganisk stoff på og rundt jordkloden. Karbon i rein form kan vera både kol/sot, grafitt og diamant. Dette har vore ein gjennomgangstone dei 5 åra prosjektet har pågått: Undring, fundering, leik med ord, eksperimentering, leiting etter uttrykk og avtrykk.
Trykk i sanntid er eit samarbeidsprosjekt innan eksperimentell grafikk som foregår langs heile norskekysten. Det har vore trykkeseanser i fem år på rad på årets lysaste dag. Det er 10 ulike grafikkverkstader langs heile kysten med tilsaman 60 inolverte kunstnarar som har deltatt.
Prosjektet starta i Lofoten på KK-trykk, fellesverkstad for Kunstkvarteret Lofoten. Målet var å profesjonalisera verkstaden, som også er tilknytta AiR-program ved same studio, og å skapa nettverk mellom grafikkverkstader over heile landet.
Sanntid
Dominika Kemilä jobber med sin installasjon i galleriet i dagene før utstillingsåpninga. Gamle klær slites og skitnes til. Så settes det sammen til installasjonen i nåtid. Prosessen skal bearbeide det grusomme Kemilä tenker om hvordan hennes forfedre i finsk/russisk/sovjetisk karelen har blitt glemt i historien. Klær i traser viser smerter, sår og de vonde minner. Prosjektleder Kjellaug Hatlen Lunde forklarer bakgrunnen for prosjektet i denne videoen:
Medvirkende
Kjellaug Hatlen Lunde
Rita Marhaug
Åse Anda
Dominika Kemilä
Lise Anita Stenberg
Desse var med på Årets lysaste dag 2024:
VERKSTEDBIBLIOTEKET GUTTORMSGAARD ARKIV
Cathrine Alice Liberg
Erika Reed
Suzanna Rehell Øistad
TOU TRYKK
Ingeborg Kvame
Margreteh Aanestad
Solveig Landa
TRYKKERIET BERGEN
Hedvig Torkhildsen
Daniel Persson
AGGREGAT ÅLESUND
Karin Augusta Nogva
Arnfinn Mork-Stordal
Lillian Karin Bjørdal
Cecilie Hole
DEN FRIE PRESSE, BODØGAARD
Are Andreassen
Ole Meløysund
Gøran Moya
Martin Losvik
Rita Marhaug
Åse Anda
Lise Anita Stenberg
Dominika Kemilä
Kjellaug Hatlen Lunde